Inviba's Blog


4 Mediesystem
juni 7, 2010, 7:15 am
Filed under: Uncategorized

Her er ein link til ein sjølvforklarande powerpoint om dei ulike mediesystema.

Presentasjonen forklarer kort skilnaden mellom dei ulike mediesystema og skilnaden mellom eit mediesystem og ein mediestruktur. I tillegg er det ein kort samanlikning av mediestrukturen i Vest-Europa og i utviklingsland, og kort om informasjonskløfter.



Kommentar på blogg
april 6, 2010, 11:07 am
Filed under: Uncategorized

Idag fekk vi i oppgåve å lese og kommentere blogginnlegg til medieelevar frå Kongsberg. Eg har kommentert eit innlegg om informasjonskløfter på Silje’s mediablogg, som du finn her.

Silje presenterer problemstillingane i eit innlegg lagt ut før hovuddelen. I hovuddelen innleier ho med å fortelje om dei ulike måtane ei informasjonskløft kan kome til syne, for så å utdjupe dei ulike prospekta.  Ho kjem heile vegen med eksempel på det ho drøftar, noko som er bra. Fint at ho bruker statistikk, men den er kanskje litt gammal, då utviklinga innan t.d. tilgang på internett har gått fort dei siste åra. Og kanskje kunne definisjonen av informasjonskløft komme enda lenger oppe i innlegget? Innlegget kan sjå ut som det er forma etter femavsnittsmetoden, då det er ei innleiing, tre utdjupande avsnitt og til slutt ein avslutning med konklusjon. Kanskje kunne ho der ha gitt ein kort oppsummering av det ho har drøfta, i tillegg til konklusjonen.

Kommentaren av gav Silje var: «Bra og lærerik artikkel! Du gir lesaren ein grundig men samtidig lettfattelig presentasjon av informasjonskløfter, og kjem med gode eksempel. Har ein merknad til statistikken du har brukt, der tala er frå 2003 – kva med å bruke den nyare publikasjonen frå 2008? http://www.ssb.no/emner/07/02/30/medie/sa106/tilgang_til_ulike_medier.pdf »

Eg syns artikkelen til Slije er god, men tenkte òg å komme med litt konstruktiv kritikk. Grunnen til at eg linka til nyare statistikk var fordi eg nyleg brukte denne statistikken sjøl i ei oppgåve.



Wallraffing
februar 3, 2010, 10:45 am
Filed under: Uncategorized

I media i dag  ser ein ofte tendensar til at perspektivet journalistar skriv ut ifrå er prega av stereotypiar og etnosentrisme – journalisten forsterkar dei fordommane eller oppfatningane av minoritetane som allereie eksisterer, og fremjar ein ”vi-og-dei”-mentalitet (Asbjørnsen m.fl. 2007, side 115). Ein måte for journalisten å få sjå verda med ”andre briller” er å gå ”undercover”. Slik kan han setje seg inn i situasjonar og danne seg eit eige og meir reelt syn på saka. På denne måten unngår han å reprodusere stereotypiar og kan heller vere med på å fremje forståing mellom ulike grupper og minoritetar.

Denne journalistiske metoden vert kalla wallraffing. Wallraffing tyder ”å gi seg ut for å vere ein annan enn den ein er, for å skaffe seg informasjon i ei sak” (Ødegård mfl. 2008, side 300). Regjeringa skriv om omgrepet wallraffing at det blir brukt ”når pressefolk unnlater å gjøre sine kilder oppmerksom på at de er journalister, i den hensikt å få ut mer informasjon, eller når de i ekstreme tilfeller opptrer under falsk identitet” (Regjeringa…). Wallraffing er ein nyttig arbeidsmetode i det at den gir journalisten innsideinformasjon og eit usminka bilete av forholda som blir undersøkt. Arbeidsmetoden har namnet sitt frå den tyske journalisten Günter Wallraff. Han gjekk undercover på denne måten første gong i 1969, då han publiserte 13 unerwünschte Reportagen (13 uønska reportasjar). Det må nemnast at Wallraff ikkje var først ute med å bruke denne metoden, då tradisjonen kan følgjast tilbake til både Tyskland og USA i andre halvdel av 1800-talet (http://www.nrk.no/programmer/radio/p2_akademiet/2640959.html).

Wallraff kledde seg ut og gjekk inn i roller for å kunne avdekke kritikkverdige forhold. I løpet av 70- og 80-talet skildra han opplevingane sine som prostituert, alkoholikar, industriarbeidar, tyrkar, for å nemne nokon av rollene. (Wikipedia:Günter Wallraff).   Der skildra han opplevingane sine utkledd som prostituert, alkoholikar og ein industriarbeidar Andre roller Wallraff gjekk inn i på 70- og 80-talet, var tyrkar, snakka ”innvandrartysk” og arbeidar på ein fabrikk der dei fleste hadde minoritetsbakgrunn (Asbjørnsen m.fl. 2007, side 118). Ved å kle seg ut fekk han heilt unik innsikt og kunne avdekke kritikkverdige forhold, som ikkje hadde lete seg gjere utan denne infiltrasjonen. Han kunne gi tyskarar eit glimt av realiteten og kanskje førte det til mindre diskriminering av minoritetane.

Biletet er henta herifrå:de.academic.ru/ dic.nsf/dewiki/170859

Samstundes som ein kan sjå verdiane av denne typen journalistikk, reiser det seg også etiske spørsmål ved bruk av metoden. Er det greitt å forfalske identiteten sin for å opprette eit tillitsforhold? Kor alvorlege må  sakene vere for at det er akseptabelt å lure folk? ”Vær varsom-plakaten” omtalar desse spørsmåla. Paragraf 3.3 seier:

”Det er god presseskikk å gjøre premissene klare i intervjusituasjoner og ellers i forhold til kilder og kontakter” (Regjeringa). Ut frå denne paragrafen vil då wallraffing, å opptre utan å gjere det klart at ein er journalist, ikkje såkalla ”god presseskikk”. Paragraf 3.10 viser til moglege unntakssituasjonar:

”Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal bare brukes i unntakstilfeller. Forutsetningen må være at dette er eneste mulighet til å avdekke forhold av vesentlig samfunnsmessig betydning” (ibid). Ut frå denne paragrafen kan wallraffing forsvarast. Günter Wallraff gjorde i si tid samfunnet merksame på til dømes dei kritikkverdige forholda arbeidarane på ein fabrikk arbeidde under. Slike saker må kunne seiast å komme innunder paragrafen.

I nyare tid har vi også nokre tilfelle der wallraffing blir brukt for å avdekke diskriminering. I eit forskingsprosjekt ved Institutt for samfunnsforsking (ISF) skal forskarane prøve å kartleggje diskriminering i arbeidslivet ved å samanlikne behandlinga to iscenesette personar møter når dei søkjer jobb, der den eine har minoritetsbakgrunn og den andre har majoritetsbakgrunn. Det har fått kritikk, enkelte hevdar at det er å føre folk bak lyset. Men dersom det kan avdekkje ting som ellers ikkje ville vorte avdekt, kan metoden som nemnt forsvarast.

Konklusjonen er at wallraffing kan fremje forståing mellom majoritet og minoritet, fordi journalisten får eit usminka bilete av røynda. Dette biletet kan han formidle vidare til mottakarane, og han unngår at sine eigne fordommar eller oppfatningar påverkar vinklinga av saka. Slik kan mottakarane få betre forståing, journalisten er såleis med på å byggje bruer mellom ulike grupper i samfunnet. Om metoden er etisk forsvarleg må vurderast frå sak til sak.

Kjeldeliste:

Asbjørnsen m.fl. 2007: Mediemøte 2

Ødegård m.fl. 2008: Mediekommunikasjon 2

http://www.etikkom.no/no/Aktuelt/Aktuelt/Fagbladet-Forskningsetikk/Arkiv/2009/2009-2/Forskning-som-forer-folk-bak-lyset/ (lasta ned 02.02.10)

http://en.wikipedia.org/wiki/Günter_Wallraff (lasta ned 01.02.10)

http://www.nrk.no/programmer/radio/p2_akademiet/2640959.html (lasta ned 01.02.10)

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kud/dok/nouer/1996/nou-1996-12/9.html?id=140596 (lasta ned 02.02.10)



Gratulerer med dagen
november 9, 2009, 8:44 am
Filed under: Uncategorized

2488_57983461291_631371291_1926567_4456540_n

© Ida Flæthe Bjørgum (2009)

Dette innlegget er dedikert til Maria som fyller 18 år idag. Gratulerer!



Kjeldebruk
november 2, 2009, 9:37 am
Filed under: Uncategorized

Oppgåve i kjeldebruk og kjeldehenvising:

Konvergens

Konvergens er ”samansmelting av ulike typar medieelement” (Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 168). Det kan til dømes vere nettavis, der ein kombinerer tekst, bilete, lyd og film. Konvergens er ikkje eit nytt fenomen – konvergensprosessane vi ser i dag er resultata av ei langvarig utvikling som går heilt tilbake til femtitalet. På 1960-talet fekk digitaliseringa sitt gjennombrot, og overføring av informasjon over elektroniske nettverk har sidan slutten av 1960-åra vore i bruk som kommunikasjonsnettverk for militær verksemd og forskingsmiljøa (Eli Skogerbø 1997). Likevel er det frå 90-talet og utover at internett verkeleg har fått fotfeste og er blitt allemannseige. 

 Asbjørnsen & Co peikar på at det finst fleire typar konvergens enn samansmelting av mediaelement, vi har tenestekonvergens, nettverkskonvergens, terminalkonvergens og marknadskonvergens, der marknadskonvergens er eit resultat av dei tre første formene for konvergens (Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 168).

At konvergens pregar media får konsekvensar for journalistrolla. Det blir stilt krav til at journalisten må kunne beherske ikkje berre eitt medium, men fleire. Til dømes må ein journalist jobbe både på nett og papir. Konvergens fører også til ei endring i mediebruken, og dei stadig veksande nettavisene er kanskje i ferd med å utkonkurrere papiravisene, som slit med stadig dårlegare salstal.

 

Kjeldeliste:

 

Å lære seg rett bruk av kjelder og kjeldehenvisning er noko nytt for meg. Det tek litt tid å få oversikten, men eg trur det vil sitje etter å ha prøvd det nokre gonger. Det er vanskelegast å lage ein parafrase, fordi eg då er nøydd til å lage eigne setningar. Eg vurderer kjeldene mine som pålitelege, då den eine er eit offentleg læreverk som er godkjent av Utdanningsdirektoratet, og det andre er ein artikkel som har mange kjeldehenvisningar. Eg kan naturlegvis ikkje vere heilt sikker, då eg ikkje har sjekka opp alle dei nærmare 30 kjeldene.



Informasjonskampanje
september 15, 2009, 10:55 am
Filed under: Uncategorized

Forrige veke jobba klassen med ein presentasjonskampanje for å promotere Internasjonal Dag, ein dag som skal engasjere elevane til å delta på innsamlingsdagen til eit bistandsprosjekt skulen har i Eshowe. Mi gruppe jobba med å skrive manus. Dette arbeidet gjekk fint, og me såg resultata i går, då me framførte presentasjonen for dei fleste av elevane på skulen. Me viste bilete og to videoar, og fokuserte på forskjellen vi kan utgjere for dei ungane som får dra nytte av pengane. Presentasjonen i seg sjølv gjekk fint, men det var dumt at mange lærarar ikkje hadde fått med seg at elevane skulle møte opp.

Her kan du sjå ein video frå fjorårets Internasjonal Dag



senterpartiet
august 31, 2009, 4:54 pm
Filed under: Uncategorized | Stikkord:

27.08.09



Hello world!
august 26, 2009, 7:11 pm
Filed under: Uncategorized

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!